fredag 28. november 2008

Eg gler meg!

Eg har mykje å gleda meg til! :D Julebaking, juleverksted, kakao, julesang, gløgg, Foyle, Julebesøk, julekvelds, skitur, stjernehimmel, hyttetur, Juletv, Julebord and so much more ;)

Men akkurat NO glede eg meg til Jogeir kjem og me skal på HYTTETUR! :D Myrkdalen next :) Blir kjekt!

God helg peeps!

Kjære julenissen!

I år ønske eg meg rett og slett ingenting! ;) Men eg har blitt bønnfalt om å laga ei lista likevel. Så eg skal prøva så godt eg kan ;)

- Tjukkesokka
- Kalendar/collage med minner :D
- hua! (alltid ein hit)
- Kinobilett, aketur, tur på Fløyen eller nåkke ant du vil gjera ilag med meg
- gavekort på sportsbutikk
- Kvite votta! :)
Ferdig :)


torsdag 27. november 2008

Eg - og det lyriske jeg

Tentamen i norsk. Oppgavo e å tolka to forskjellige dikt. Et tradisjonelt og eit moderne. Tolkning e jo nåkke eg vanligvis pleie å lika, men lyrikkanalyse e vanskelig! Det begynne heldigvis å gå seg til no (etter eg har lest oppgavo og skreve stikkord i ein time) og eg tenke på at eg e GLAD for at eg slepp engelsk, matte og drama tentamen til jul!! :) Norsk e jo tross alt det lettaste no, så da ordne seg nok.

Vakten me har tar forresten jobben sin veldig seriøst. Ho ser litt ut som ein parkeringsvakt. Dette har ho definitivt gjort før. Irmelin spurte om ho kunne låna Malin (som sitt på pulten atmed ) si ordlista. Vakten reiste seg anstendig, tok imot ordboke, rista den godt, og leverte den til Irmelin. Lura på ka ho tenke på. Ho minner meg litt om bussjåføren som kjørte øve Fosse i dag tidlig. Han blei kraftig irritert på to 2. Klassinga som ikkje stod med busstoppet (som egentlig ikkje e eit busstopp, men eit ”Bustop” -skilt som heng på eit hus frå 1800 talet), men 20 meter lengre borte - der dei bur, og som han skal forbi likevel.

Lurer på ka det e eg e sær og opphengt i når eg e på jobb;)

Cheers!

onsdag 26. november 2008

God morgon!


I dag har eg vore sjuk. Men det blei etter kvart ein god morgon likevel. Me kjøpte ny müsli! Det var godt! Lenge sia sist. No sitt eg i stolen framfor ovnen i ståvo med sokkane besto strikka til meg for lenge sia, men som først no, e store nok og ein stor kopp kakao. Formen e på vei opp, og eg håpe eg klare å gå på skulen i måro!

Ellers har eg ein ekte gla`melding! På fredag åpner Moods of Norway ny butikk - i Bergen! Eller "Brand spanking new flagship store in Bergen" som dei sjøl ville ha sagt :) Det blir BRA! Kanskje eg får kjøpt den kule kjolen eg måtte gå fra i Oslo likevel då?! Kem veit.

Men no må eg eta litt kjenne eg. Müslien vare ikkje heile dagen! Og etterpå må eg på butikken så besten får sine 2 hekto med fårepølsa og eit brød :) Eg glede meg til JUL!

So long peeps

mandag 24. november 2008

Akk, den som kledde pannelugg like godt som Maria Mena:-)

Til ettertanke

"Jo, eg har det bare bra" e ofte svaret om me spør kvarandre korleis det går. Svaret grunna muligens i eit slags audmjukt ønske om å sjå det positive i alt, men e stort sett eit skalkeskjul for feig konfliktredsel. Det skulle jo tatt seg ut om du ein dag spurte ein venn korleis han hadde det, og han svarte "det går ikkje særlig bra. Eg e inne i ein tung periode, og eg veit ikkje korleis eg skal komma meg ut av det. Det har vore sånn lenge, og det e ingen som bryr seg om det. Eg har mest lyst til å dø." (...)

"Kombiner denne konfliktredselen med inngrodde oppfatninga om ka kristen tru e, og me kjem til menighetens kanskje største problem; Korleis skapa eit fellesskap der me gjer meir enn å treffast få gonga i veko på møte eller gudstenesta? Der me ikkje ordne på fine fasada, i prektig redsel for å virka "lite truande". Der det går ann å bygga vennskap som stikk djupare enn innen kirkerommets vegga, og ut i kvardagen, der det egentlige livet skal levast."

Eg var på ein gudsteneste i Tabernaklet ein søndag i skulesamanheng. Talaren som snakka, var dyktig. Han snakka om at kristne i dag snart må skjønna at det handler ikkje om å vera kristen eller menneske. Det e ingen fasit på korleis du skal oppføra deg enten du e kristen eller ei!

Uansett. Spør du meg, burde kristne, ettersom Jesus har sagt ein god del om å ofra seg for andre menneske, og elska dei som seg sjøl, vera overinspirerte til å skapa heima og menighetshus der det e lov til å grina, blomstra, tru og feila. Til no har me i stor grad bomma totalt.

I Romarane 14, 1- ca 6 står det om " Samhald i kyrkjelyden" (nynorsk). Og der står det;

" Ta imot den som er veik i trua, utan å gjera dykk til domarar over tankane hans. Èin har tru til å eta alt, den veike et berre grønnsaker. Den som et alt skal ikkje sjå ned på den som ikkje gjer det. Og den som lèt vera å eta, skal ikkje døma den som gjer det. Om han står eller fell er ei sak mellom han og Herren hans"

Ta utgangspunkt i Bibelen, og berre den. Gå i ein menighet du føler deg heima i, og kos deg med fellesskapet! Men gjer deg ikkje avhengig av persona, gjer deg heller avhengig av Guds ord. Og gjer deg ikkje avhengig av at du må sei setningen "Eg e kristen" for at folk skal merka det! For;

"Den tru du har, skal du halda for deg sjølv, for Guds åsyn. Sæl er den som ikkje dømer seg sjølv med det han vel å gjera." (Rom. 14, 22)

Og for deg som no sitt igjen og tenker at dette var klissete betyr det nok ingenting ant enn at du har overskudd til å bry deg om andre:) Eg får sei som Ingvild sa i "lommebloggen" sin: "Me burde alle begynna å gå meir nakne!"

(No trur eg eg e ferdig:P)

Eg vil ut å aka!

Men i staden sitt eg inne og ser på ein svart kvitt film om den Russiske revolusjonen. Eg savne "leksefri, ut og stå på ski" lappane til Eva Waage:) Men haddde vel kanskje vore tvilsomt å få sånt av Kjell Helland. Jaja. I ettermiddag kan du iallefall vera sikker på at Dalesvingane skal erobrast :)

Gratulera med lappen Karoline!


Du e flink og eg e stolt av deg! No blir det soon roadtrip!

søndag 23. november 2008

Ein liten smakebit fra Oslo

Hello, Venke Foss!
Lunsj på Samson!:) MMmmmmM!





Yndlingsmann på Karl Johan!

fredag 21. november 2008

Fredag!

Så langt har dagen i dag har det vore ein veldig bra dag. Allerede i dag tidlig når eg (egentlig altfor sein) heiv på meg saueskinn-skona mine, og sprong til bussen på kram snø skjønte eg at denne dagen ikkje kom til å bli så aller verst! Og det beste av alt; Varm og god på beina:)

Ellers har eg :rydda rommet,


lagt smykke

og til og med sett litt Ellen DeGeneres Show:) KUL dama!

No driv eg å pakke til Oslotur! Det blir herlig:) Karoline, Benedikte, Matilde, Ingeborg og eg pluss mødre reise med nattoget i kveld kl. elleve! Kjekt å sjå dei jentene litt igjen:) Eg gler meg!

torsdag 20. november 2008

Imponert


Kjersti Elvik på besøk i dramatimen i går! Sissel e overkvalifisert til å vera på skulen vår. Eg berre seie da.

No gjer me oss klare til å ha barneteater (Vår egen versjon av Rødhette og ulven) for ein barnehage! Det blir gøy!

onsdag 19. november 2008

Utfordringen




Fekk ein ufordring her hin dagen; "Fortell meg nåkke eg ikkje veit om deg!" Flaut, men here we go:

1) Har spelt tverrfløyte i 4 år! (I begynnelsen gøy! Men så fordi mamma syns eg var "så flink" og sa eg måtte gå på fløyta for å få spela håndball.)

2) Skrattlo for første gang når eg var 3 veke.

3) Kunne bli så sint at eg besvimte når eg var i trass alderen.

4) Fekk 2`ar i praktisk matte.

5) Liker å ha folk rundt meg! (Hvis det ikkje e nåkken heima, står det minst ein radio på..)

6) Blir glad av at det regner så mykje at du hører det koselig inne.

7) Hadde fleire farga på strengen i 8. klasse. (De får ikkje lov til å le)

Takk for merksemda, no e eg flau :)

tirsdag 18. november 2008

Berre vent!

Akk, den som hadde ein seglbåt! Drømmen e og blir å reisa på jordomsegling! Har komme eit skritt nærmare drømmen - og funne meg eit seglekurs, ikkje så langt her ifrå!
Umulig! tenke kanskje de - da ordne seg, tenke eg:)
so long sailers!

mandag 17. november 2008

..endelig snart vinter!

Another day on the road

"Litlamore" har fått lappen, og har bil til ei kvar tid! Takk for lån av bil mamma og pappa! Og takk, mamma, for at blitsen ikkje gjekk i augena denne gongen!

No begynne 71 grader nord, og gjengen e på topptur på Svalbard!

So long suckers!

Mops - Gotta love`em!

" Mopsen er en livlig og glad hund med sjarm, utstråling og intelligens. Den er full av energi og morsomme påfunn. Har du en mops, er du garantert dager fulle av latter!"

Endelig bloggings!


No e eg lei facebook. Gøy å sjå bilde, men komman! "Da må jo finnast nåkke meir". Så no prøve eg å ta opp igjen den tidlegare "suksessen" med å blogga! Merke eg e bra klar for å komma i gang og gjera det til ein vane! Lova at det ikkje skal bli nok ein blogg som består av eit innlegg!

So long peops!