fredag 30. januar 2009

"Jeg søkte deg, og fant mitt hjerte"

Dagboken! Kanskje den beste filmen eg veit om. Den e så fantastisk nydelig! Har sikkert sett den ein milliard gonga, men har lyst å sjå den ein milliard gonga til. Kanskje fordi den minna meg om bestemor og bestefar, og det livet eg ser for meg at dei hadde når dei var unge, etter det dei sjøl har fortalt og bilde eg har sett. Filmen blei kanskje ekstra ekte for meg fordi bestefar fekk Alzheimers. Den snillaste mannen som fanst, det var uten tvil bestefar. Har ikkje hørt eit vondt ord om den mannen, og eg har blitt fortalt mykje om han. Frå mange. Og me hadde utrulig god kontakt så lenge eg var heldig å ha han :) Han var ein mann som elska å vera med andre menneske. Han var snill, god, trufast og hadde ei heilt spesiell evne til å sjå folk. Samtidig hadde han alltid det gode, gode humøret sitt... Nåkke som me har fått høra låg til familien. Alltid mykje folk i "Kråne"! ;) Han var så spesielt flink til å sjå meg hvis eg ikkje hadde det bra. Eg trong ikkje å sei nåkke ein gong... Bestefar berre var der og visste det. Og med dei gode store hendene sine - som var tydelig prega av at han tidlegare hadde vore smed, og at han elska hagen sin, Gode og skitne var dei! - strauk han på meg og gjorde meg trygg på at det var greit å vera lei seg for det kom til å bli betre.

Han elska unga, nåkke som alle barnebarna ettertrykkelig fekk kjenna på. Ingenting var som å bli henta i barnehagen av bestefar!! Eg var så stolt! Eller å plukka plommer i hagen hans, vera med han på Fossemyra, eller når han tok oss med for å gå på skøytene me fekk av dei til jul :) Han var ein god mann heile livet han levde. Og han elska virkelig bestemor. Det heile begynte med at bestefar og broren hans var på dans. Dei to sto på eit galleri, og såg ned på alle som hadde det kjekt ilag. iblant dei var bestemor. Bestefar pikka i broren sin og sa at "ho der, skal eg ha tak i". Resten av historien kan eg ikkje i detalj. Det tok si tid før det blei dei, men det blei dei, og det var det for resten av livet. Dei e yndlingsparet mitt :) Tenk å vera så glade i kvarandre at det går ann å sjå det i ein alder av 86, der den eine er sterkt prega av Alzheimer! Det står det respekt av. Og bestemor har vore fantastisk gjennom det heile. Eg e stolt over dei. Og veldig, veldig glade i dei! Lenge leve ekte kjærlighet! ;)
Bestemor og bestefar på blåbærplukking i ung alder!

"Its not gonna be easy, its gonna be really hard. We gonna have to work at this every day. But I wanna do that...because I want you. All of you...Forever".
(Anbefale filmen på det sterkaste ;) )

2 kommentarer:

ingvild sa...

Det siste bildet oppsummerar alt du skreiv over. Nydelig innlegg Maria! Eg kan skrive uelsnder på kvart ord, her eg sitt og grin av innholdet...

Beste filmen, beste folkena.

Susssuss og kom snart på besøk igjen!

Mary the blogger sa...

Åh, nei gje deg :) Takk:) Eg kjem snart igjen! :)