Viser innlegg med etiketten artikkel i Vårt Land 23. november 2008. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten artikkel i Vårt Land 23. november 2008. Vis alle innlegg

mandag 24. november 2008

Til ettertanke

"Jo, eg har det bare bra" e ofte svaret om me spør kvarandre korleis det går. Svaret grunna muligens i eit slags audmjukt ønske om å sjå det positive i alt, men e stort sett eit skalkeskjul for feig konfliktredsel. Det skulle jo tatt seg ut om du ein dag spurte ein venn korleis han hadde det, og han svarte "det går ikkje særlig bra. Eg e inne i ein tung periode, og eg veit ikkje korleis eg skal komma meg ut av det. Det har vore sånn lenge, og det e ingen som bryr seg om det. Eg har mest lyst til å dø." (...)

"Kombiner denne konfliktredselen med inngrodde oppfatninga om ka kristen tru e, og me kjem til menighetens kanskje største problem; Korleis skapa eit fellesskap der me gjer meir enn å treffast få gonga i veko på møte eller gudstenesta? Der me ikkje ordne på fine fasada, i prektig redsel for å virka "lite truande". Der det går ann å bygga vennskap som stikk djupare enn innen kirkerommets vegga, og ut i kvardagen, der det egentlige livet skal levast."

Eg var på ein gudsteneste i Tabernaklet ein søndag i skulesamanheng. Talaren som snakka, var dyktig. Han snakka om at kristne i dag snart må skjønna at det handler ikkje om å vera kristen eller menneske. Det e ingen fasit på korleis du skal oppføra deg enten du e kristen eller ei!

Uansett. Spør du meg, burde kristne, ettersom Jesus har sagt ein god del om å ofra seg for andre menneske, og elska dei som seg sjøl, vera overinspirerte til å skapa heima og menighetshus der det e lov til å grina, blomstra, tru og feila. Til no har me i stor grad bomma totalt.

I Romarane 14, 1- ca 6 står det om " Samhald i kyrkjelyden" (nynorsk). Og der står det;

" Ta imot den som er veik i trua, utan å gjera dykk til domarar over tankane hans. Èin har tru til å eta alt, den veike et berre grønnsaker. Den som et alt skal ikkje sjå ned på den som ikkje gjer det. Og den som lèt vera å eta, skal ikkje døma den som gjer det. Om han står eller fell er ei sak mellom han og Herren hans"

Ta utgangspunkt i Bibelen, og berre den. Gå i ein menighet du føler deg heima i, og kos deg med fellesskapet! Men gjer deg ikkje avhengig av persona, gjer deg heller avhengig av Guds ord. Og gjer deg ikkje avhengig av at du må sei setningen "Eg e kristen" for at folk skal merka det! For;

"Den tru du har, skal du halda for deg sjølv, for Guds åsyn. Sæl er den som ikkje dømer seg sjølv med det han vel å gjera." (Rom. 14, 22)

Og for deg som no sitt igjen og tenker at dette var klissete betyr det nok ingenting ant enn at du har overskudd til å bry deg om andre:) Eg får sei som Ingvild sa i "lommebloggen" sin: "Me burde alle begynna å gå meir nakne!"

(No trur eg eg e ferdig:P)